Måndag 13. april var friluftslivklassen på kanotur, måla for dagen var:
- Bli trygg i kano & ha kjennskap til grunnleggande sikkerheit
- Utstyr
- I land/ombordstigning
- Padleteknikk/manøvrering av kano/sittestilling
- Navigering & marsjfart
Før me la kanoane på vattenet
Padling er ikkje utan ein viss risiko, i elv og straum er det fort gjort å slå seg mot stein eller bli sitjande fast under vatn. Med ein gong me hadde lagt kanoane ut på vattenet satt kanoen til Amanda & meg seg fast oppå ein stein, det var litt ubehagelig, men me kom oss fort ut av situasjonen og vekk frå bølgene som var med brygga.
Men ein velt kan bli dramatisk også på flatt vatn, av omsyn til vår eigen tryggleik måtte me tenke igjennom kva som kunne skje før me la utpå.
Utstyr
I Noreg skjer det mange drukningsulykker kvart år. Dei aller fleste dødsfalla i vatn kjem av nedkjøling. På grunn av den gode leiingsevna vatn har, blir kroppen raskt tappa for varme jamvel om vasstempraturen er over 20 grader. Er tempraturen i vatnet 10 grader, kan du risikere å vere nedkjølt og kraftlaus etter ein halvtime.
Utan flyteplag tek du ein stor risiko, alle i klassen hadde på seg redningsvest. Klesdrakta er også ein vesentleg faktor for den sjansen du har til å overleve etter at du har hamna i vatnet. Val av klede kan vere det som skil mellom eit litt ubehageleg, vått og kaldt uhell og ei dødsulykke. Ein kanovelt når du er åleine ute på eit stort vatten, fører i alle tilfelle til eit langvarig opphald i vatnet. På turen var me opp mot 20 elevar og ein lærar som har mykje erfaring, i tilegg skulle me aldri padle meir enn tre meter bort frå land. Hadde ein kano velta, kunne me berre svømt tre meter inn til land. Me skal også øve oss på kammeratredning før me skal på den "lange" overnattingsturen med kano, slik at me kan hjelpe viss nokon opplever ein kanovelt midt på fjorden. Å tømme ein kano for vatn og entre han utan hjelp frå andre er nesten umogeleg når du ikkje har øvd på det. Når vi padlar minst to båtar saman, kan vi meistre ein situasjon med velt, særleg dersom me har øvd på både å lense båten og på å entre kanoen frå vatnet.
Sjøklar båt, sjøklart mannskap
Vi måtte også sjekke om kanoen var sjøklar, det same gjaldt årene. Det er viktig å sjekke om det er lekkasje eller skadar på kanoen. Me måtte unngå lause tau og reimar, det er lett å vikle seg fast i dei slik at du ikkje kjem deg laus om uhellet skulle vere ute og du veltar. Dette er spesielt farleg når du padlar i elvar.
Vest
Noko av det viktigaste på kanotur er å alltid ha på seg flyteplagg. Det er viktig at vesten passar. Ein for stor vest kan du skli ut av, og ein del vestar er konstruerte slik at vi må bruke stegstropp for å hindre at vesten sklir av.
Klede
Ullklede fungerer som våtdrakt, vatnet blir soge opp i fibrane og varma opp kroppen slik at det blir skapt ein buffer mellom den varme huda og det kalde vatnet utanfor. Dermed reduserer ein varmetapet svært mykje. Eit vasstett låg utanpå gjer at du held deg tørr frå vassprut når du padlar.
Kammeratredning
I tilfelle uhellet skulle vere ute og kanoen velta har me vore i symjehallen å øvd på kammeratredning. Eg, Stine, Amanda og Sanna var kammeratar. Slik gjorde me det:
1. Det eine paret velta kanoen sin
2. Dei to som ligg i vatnet kjem seg fort opp på endane på den kanoen som forsett står i vatnet
3. Dei to som sit i den kanoen som forsett står i vatnet får kanoen som har velta opp på deira & dei snur han og legg han på vatnet igjen
4. Dei som ligg i vatnet kjem seg opp i kanoen igjen
- Dette er litt vanskelig å forklare, mykje lettare å gjennomføre i praksis
- For dette gjekk veldig bra i praksis
mandag 11. mai 2015
tirsdag 24. mars 2015
Snøhole
I bjekkedalar eller på lesida av markerte knausar og rygger finn vi ofte djupe skavlar. Ved Rysete opp mot Høgehaug fant me ein slik skavel. Me skulle grave snoholer me skulle tilbringe natta i. Eg var på gruppe med Synnøve og Amanda. Me byrja med å grave så høgt mogeleg i skavelen, for da var det lettare å bli kvitt den snøen vi kasta ut.
Form
Det er fleire ulike måtar å innrette seg på, men me sørga for at taket vart ein boge. Flate tak sig, dette ville me ikkje skulle skje. Av same grunn bør ikkje hola vere for stor, me tre jentene låg veldig nærme kvarandre. Me lot inngangen vere open, men med "varmlufthus": Det høgaste nivået på døropninga må liggje 20-30 cm under brisknivå. For å få til dette måtte me mure den øvre delen av opninga med snøblokker.
Organisering
Me tok til med å grave to inngangar, dermed tetta me igjen den eine når gravinga gjekk mot slutten. Dette gjorde me for at det skulle gå fortare. Då slutta me berre å hive snøen vidare ut, men me brukte han heller til å fylle opp innganfspartiet. Etterkvart som me kom inn i snøen kunne to stykker grave inne, medan den tredje stod ved inngangspartiet og kasta snøen vidare ut og bort. Me rullerte på kven som gjorde kva. Me gravde inngangen i full kroppshøgd, slik at me kunne stå og grave. Me passa nøye på å ikkje bli våte.
Gravinga steg for steg
1. Fant nivået på brisken og tok til med å grave. Rekn deg med frå toppen av skavlen: 0,5 meter fast snø til tak, deretter god sitjehøgd pluss ei armlengd: Me skulle kunne sitje på brisken og strekkje opp hendene utan å nå taket.
2. Tok til på inngangane og gravde inn i kroppshøgd til du har tjukna på veggen pluss breidda på gangen. Gravde mot kvarandre til dei møtest. Justerte nivået på brisksenm og gravde heretter berre over dette nivået.
3. Gravde vidare til du har den breidda og djupna på brisken som trengst.
4. Når du har unnagjort om lag tre firedelar av volumet som skal gravast ut, brukar du resten av det du grev ut, til å fylle den eine inngangen.
5. Mur ned den andre inngangen. slik at opninga kjem under nivået til brisken. Brukt jamt tilskorne blokker som er minst 10 centimeter breiare enn inngangen. Blokkene bør du ha laga tidlegare, slik at dei er faste nok. Me brukte ski som berebjelker.
Innflytting
Me rulla ut underlaget og plasserte sekkane i kuldegropa. Me la dei våte kleda oppå spadeskafta. Me la oss tidleg og sov veldig godt. Me var gode og varme heile natta.
tirsdag 24. februar 2015
RINDABOTNEN 10.02 & KAUPANGERSKOGEN 23.02
Tysdag den 10.02.2015 og måndag den 23.02.2015 skulle friluftslivgjengen på tur att. Me brukte eindel tid på å planlegge turane på forhånd, det var veldig lurt. Me satt oss nokre mål for turane: Me skulle bli kjent med vinterfjellet og utstyret me brukar i vinterfjellet og lære meir om navigering. Hovudfokuset vårt var å bevege oss trygt i vinterfjellet. Navigering er viktig for alle årstider, men på vinteren blir det litt vanskelig på grunn av snøen som dekkjer ting i terrenget. Dette hadde me litt ekstra fokus på den andre turen, me brukte kart og kompass til å finne eit lite vatten, men det var sjølvsagt under snøen. Ting er ulike frå kartet på vinteren på grunn av snøen som dekkjer det meste, det er det viktig å tenke på når ein skal navigere i vinterfjellet. På den andre turen var eit av måla å kunne bevege seg i skogen og på den turen var det ekstra fokus på navigering, me brukte difor eindel tid på navigering når me kom "fram".På kvar tur har me ein A, B og kriseplan. På den første turen var det følgjande:
Her bestemte me dette i plenium i klasserommet:
Plan A: Mot reipa, følg skavassgrovi oppover. Bevegar oss oppover mot skavasshaugane, returnerer samme veg.
Plan B: Går vi opp mot reipa, følg stien opp mot rysete, og eventuelt opp mot skavasshaugane.
Kriseplan:Ser vi at ting skjer, returnerer vi på et gunstig tidspunkt.
Plan A: Mot reipa, følg skavassgrovi oppover. Bevegar oss oppover mot skavasshaugane, returnerer samme veg.
Plan B: Går vi opp mot reipa, følg stien opp mot rysete, og eventuelt opp mot skavasshaugane.
Kriseplan:Ser vi at ting skjer, returnerer vi på et gunstig tidspunkt.
På den andre turen hadde studenten Mats forbredt A, B og kriseplan før me skulle på Kaupangerskogen. Plan A var at me skulle komme oss til Pikkhaug, om me ikkje rakk det var plan B å komme oss opp mot Pikkhaug. Kriseplanen var å komme oss ned att til bilen som stod på Goro.
Me slapp heldigvis å ta i bruk kriseplanane, turane var veldig velykka og det vart ingen kriser.
![]() |
| Ruta me gjekk på Kaupangerskogen |
![]() |
| Ruta me gjekk på Rindabotnen Pakkeliste |
-Ski
- Stava
- Feller
- Hue, vottar
- Ullklede
- Dagstursekk
- Solbriller
- Mat, drikke
- Kart, kompass
- Førstehjelpsutstyr
- Spade
- Sitteunderlag
- Bytteklede, ekstra vottar
Desse gruppene gjekk fremst og leda resten av gjengen. Det var kjekt å føle eit litt større ansvar og å bruke kartet og kompasset for å finne ut kvar me skal gå.
Gjennomføring: På begge turane gjekk me for plan B. På den første turen brukte me litt lenger tid enn planlagt pga ulikt utstyr, litt dårlig vær og kanskje litt dårlig erfaring. Me valgte å snu før me eigentlig skulle fordi me måtte rekke bussen som gjekk frå Rindabotnen 14.45. På denne turen måtte me tenkje litt på snøras. Når me gjekk til venstre måtte me tenkje litt på det, det var eit heng over 30 grader.
Gjennomføring: På begge turane gjekk me for plan B. På den første turen brukte me litt lenger tid enn planlagt pga ulikt utstyr, litt dårlig vær og kanskje litt dårlig erfaring. Me valgte å snu før me eigentlig skulle fordi me måtte rekke bussen som gjekk frå Rindabotnen 14.45. På denne turen måtte me tenkje litt på snøras. Når me gjekk til venstre måtte me tenkje litt på det, det var eit heng over 30 grader.
Me holdt riktig avstand slik at me ikkje hadde blitt tatt viss det hadde gått eit ras. Det gjekk heldigvis ikkje noko ras når me var der, me tenkte eindel på å ikkje utløyse noko ras. På den andre turen var bussen veldig sein om me rakk desverre ikkje å gå heilt til pikkhaug, men det hadde me gjort om bussen hadde komt presis. Me gjekk til knekken i kraftlinja og hadde eindel tid til overs når me hadde komt opp dit. Då hadde me nokre øvingar med kart og kompass. Nedkøyringa gjekk veldig fint og me kom ned att til bussen skulle gå.
Evaluering: Eg er fornøgd med vegvala me gjorde på begge turane. Hadde bussen komt før hadde me hatt tid til å gå på Pikkhaug på tur to, me tok hensyn til ras og vær og me gjekk for trygge løysningar. På den første turen var ikkje gruppa så erfaren og me mangla noko utstyr. På tur to gjekk det mykje betre!
onsdag 21. januar 2015
BÅLDAG vol 2
Måndag etter juleferien var me ute i friluftslivtimane. Me vart delt inn i gruper på cirka fem personar. På gruppa skulle me lage eit bål. Me lagde eit pagodebål: (Forklaring på dette bålet i eit bålinnlegg lenger nede på bloggen)
Dette gjekk veldig fint, me fekk eit fint bål som brant svært godt. Alle hadde med ostesmørbrød som me grilla på bålet. Planen var å lage fornuftig mat på bål, noko me meinar ostesmørbrød er når me skal lage lunsj. Det hadde vert noko anna på menyen om me skulle laga middag eller frukost. Dette er noko me kjem til å erfare når me skal på snøholetur. Då skal me ete frukost, lunsj og middag.
Her er nokre bilder som illustrerar denne dagen, bilder seier meir enn ord:
Abonner på:
Kommentarer (Atom)



















