onsdag 21. januar 2015

BÅLDAG vol 2

Måndag etter juleferien var me ute i friluftslivtimane. Me vart delt inn i gruper på cirka fem personar. På gruppa skulle me lage eit bål. Me lagde eit pagodebål: (Forklaring på dette bålet i eit bålinnlegg lenger nede på bloggen)

Dette gjekk veldig fint, me fekk eit fint bål som brant svært godt. Alle hadde med ostesmørbrød som me grilla på bålet. Planen var å lage fornuftig mat på bål, noko me meinar ostesmørbrød er når me skal lage lunsj. Det hadde vert noko anna på menyen om me skulle laga middag eller frukost. Dette er noko me kjem til å erfare når me skal på snøholetur. Då skal me ete frukost, lunsj og middag.

Her er nokre bilder som illustrerar denne dagen, bilder seier meir enn ord:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar