tirsdag 24. mars 2015

Snøhole

I bjekkedalar eller på lesida av markerte knausar og rygger finn vi ofte djupe skavlar. Ved Rysete opp mot Høgehaug fant me ein slik skavel. Me skulle grave snoholer me skulle tilbringe natta i. Eg var på gruppe med Synnøve og Amanda. Me byrja med å grave så høgt mogeleg i skavelen, for da var det lettare å bli kvitt den snøen vi kasta ut. 
Form
Det er fleire ulike måtar å innrette seg på, men me sørga for at taket vart ein boge. Flate tak sig, dette ville me ikkje skulle skje. Av same grunn bør ikkje hola vere for stor, me tre jentene låg veldig nærme kvarandre. Me lot inngangen vere open, men med "varmlufthus": Det høgaste nivået på døropninga må liggje 20-30 cm under brisknivå. For å få til dette måtte me mure den øvre delen av opninga med snøblokker.
Organisering
Me tok til med å grave to inngangar, dermed tetta me igjen den eine når gravinga gjekk mot slutten. Dette gjorde me for at det skulle gå fortare. Då slutta me berre å hive snøen vidare ut, men me brukte han heller til å fylle opp innganfspartiet. Etterkvart som me kom inn i snøen kunne to stykker grave inne, medan den tredje stod ved inngangspartiet og kasta snøen vidare ut og bort. Me rullerte på kven som gjorde kva. Me gravde inngangen i full kroppshøgd, slik at me kunne stå og grave. Me passa nøye på å ikkje bli våte. 
Gravinga steg for steg
1. Fant nivået på brisken og tok til med å grave. Rekn deg med frå toppen  av skavlen: 0,5 meter fast snø til tak, deretter god sitjehøgd pluss ei armlengd: Me skulle kunne sitje på brisken og strekkje opp hendene utan å nå taket. 
2. Tok til på inngangane og gravde inn i kroppshøgd til du har tjukna på veggen pluss breidda på gangen. Gravde mot kvarandre til dei møtest. Justerte nivået på brisksenm og gravde heretter berre over dette nivået. 
3. Gravde vidare til du har den breidda og djupna på brisken som trengst.
4. Når du har unnagjort om lag tre firedelar av volumet som skal gravast ut, brukar du resten av det du grev ut, til å fylle den eine inngangen. 
5. Mur ned den andre inngangen. slik at opninga kjem under nivået til brisken. Brukt jamt tilskorne blokker som er minst 10 centimeter breiare enn inngangen. Blokkene bør du ha laga tidlegare, slik at dei er faste nok. Me brukte ski som berebjelker.
Innflytting
Me rulla ut underlaget og plasserte sekkane i kuldegropa. Me la dei våte kleda oppå spadeskafta. Me la oss tidleg og sov veldig godt. Me var gode og varme heile natta.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar