Måndag 13. april var friluftslivklassen på kanotur, måla for dagen var:
- Bli trygg i kano & ha kjennskap til grunnleggande sikkerheit
- Utstyr
- I land/ombordstigning
- Padleteknikk/manøvrering av kano/sittestilling
- Navigering & marsjfart
Før me la kanoane på vattenet
Padling er ikkje utan ein viss risiko, i elv og straum er det fort gjort å slå seg mot stein eller bli sitjande fast under vatn. Med ein gong me hadde lagt kanoane ut på vattenet satt kanoen til Amanda & meg seg fast oppå ein stein, det var litt ubehagelig, men me kom oss fort ut av situasjonen og vekk frå bølgene som var med brygga.
Men ein velt kan bli dramatisk også på flatt vatn, av omsyn til vår eigen tryggleik måtte me tenke igjennom kva som kunne skje før me la utpå.
Utstyr
I Noreg skjer det mange drukningsulykker kvart år. Dei aller fleste dødsfalla i vatn kjem av nedkjøling. På grunn av den gode leiingsevna vatn har, blir kroppen raskt tappa for varme jamvel om vasstempraturen er over 20 grader. Er tempraturen i vatnet 10 grader, kan du risikere å vere nedkjølt og kraftlaus etter ein halvtime.
Utan flyteplag tek du ein stor risiko, alle i klassen hadde på seg redningsvest. Klesdrakta er også ein vesentleg faktor for den sjansen du har til å overleve etter at du har hamna i vatnet. Val av klede kan vere det som skil mellom eit litt ubehageleg, vått og kaldt uhell og ei dødsulykke. Ein kanovelt når du er åleine ute på eit stort vatten, fører i alle tilfelle til eit langvarig opphald i vatnet. På turen var me opp mot 20 elevar og ein lærar som har mykje erfaring, i tilegg skulle me aldri padle meir enn tre meter bort frå land. Hadde ein kano velta, kunne me berre svømt tre meter inn til land. Me skal også øve oss på kammeratredning før me skal på den "lange" overnattingsturen med kano, slik at me kan hjelpe viss nokon opplever ein kanovelt midt på fjorden. Å tømme ein kano for vatn og entre han utan hjelp frå andre er nesten umogeleg når du ikkje har øvd på det. Når vi padlar minst to båtar saman, kan vi meistre ein situasjon med velt, særleg dersom me har øvd på både å lense båten og på å entre kanoen frå vatnet.
Sjøklar båt, sjøklart mannskap
Vi måtte også sjekke om kanoen var sjøklar, det same gjaldt årene. Det er viktig å sjekke om det er lekkasje eller skadar på kanoen. Me måtte unngå lause tau og reimar, det er lett å vikle seg fast i dei slik at du ikkje kjem deg laus om uhellet skulle vere ute og du veltar. Dette er spesielt farleg når du padlar i elvar.
Vest
Noko av det viktigaste på kanotur er å alltid ha på seg flyteplagg. Det er viktig at vesten passar. Ein for stor vest kan du skli ut av, og ein del vestar er konstruerte slik at vi må bruke stegstropp for å hindre at vesten sklir av.
Klede
Ullklede fungerer som våtdrakt, vatnet blir soge opp i fibrane og varma opp kroppen slik at det blir skapt ein buffer mellom den varme huda og det kalde vatnet utanfor. Dermed reduserer ein varmetapet svært mykje. Eit vasstett låg utanpå gjer at du held deg tørr frå vassprut når du padlar.
Kammeratredning
I tilfelle uhellet skulle vere ute og kanoen velta har me vore i symjehallen å øvd på kammeratredning. Eg, Stine, Amanda og Sanna var kammeratar. Slik gjorde me det:
1. Det eine paret velta kanoen sin
2. Dei to som ligg i vatnet kjem seg fort opp på endane på den kanoen som forsett står i vatnet
3. Dei to som sit i den kanoen som forsett står i vatnet får kanoen som har velta opp på deira & dei snur han og legg han på vatnet igjen
4. Dei som ligg i vatnet kjem seg opp i kanoen igjen
- Dette er litt vanskelig å forklare, mykje lettare å gjennomføre i praksis
- For dette gjekk veldig bra i praksis
Fjellgeita på nye eventyr
mandag 11. mai 2015
tirsdag 24. mars 2015
Snøhole
I bjekkedalar eller på lesida av markerte knausar og rygger finn vi ofte djupe skavlar. Ved Rysete opp mot Høgehaug fant me ein slik skavel. Me skulle grave snoholer me skulle tilbringe natta i. Eg var på gruppe med Synnøve og Amanda. Me byrja med å grave så høgt mogeleg i skavelen, for da var det lettare å bli kvitt den snøen vi kasta ut.
Form
Det er fleire ulike måtar å innrette seg på, men me sørga for at taket vart ein boge. Flate tak sig, dette ville me ikkje skulle skje. Av same grunn bør ikkje hola vere for stor, me tre jentene låg veldig nærme kvarandre. Me lot inngangen vere open, men med "varmlufthus": Det høgaste nivået på døropninga må liggje 20-30 cm under brisknivå. For å få til dette måtte me mure den øvre delen av opninga med snøblokker.
Organisering
Me tok til med å grave to inngangar, dermed tetta me igjen den eine når gravinga gjekk mot slutten. Dette gjorde me for at det skulle gå fortare. Då slutta me berre å hive snøen vidare ut, men me brukte han heller til å fylle opp innganfspartiet. Etterkvart som me kom inn i snøen kunne to stykker grave inne, medan den tredje stod ved inngangspartiet og kasta snøen vidare ut og bort. Me rullerte på kven som gjorde kva. Me gravde inngangen i full kroppshøgd, slik at me kunne stå og grave. Me passa nøye på å ikkje bli våte.
Gravinga steg for steg
1. Fant nivået på brisken og tok til med å grave. Rekn deg med frå toppen av skavlen: 0,5 meter fast snø til tak, deretter god sitjehøgd pluss ei armlengd: Me skulle kunne sitje på brisken og strekkje opp hendene utan å nå taket.
2. Tok til på inngangane og gravde inn i kroppshøgd til du har tjukna på veggen pluss breidda på gangen. Gravde mot kvarandre til dei møtest. Justerte nivået på brisksenm og gravde heretter berre over dette nivået.
3. Gravde vidare til du har den breidda og djupna på brisken som trengst.
4. Når du har unnagjort om lag tre firedelar av volumet som skal gravast ut, brukar du resten av det du grev ut, til å fylle den eine inngangen.
5. Mur ned den andre inngangen. slik at opninga kjem under nivået til brisken. Brukt jamt tilskorne blokker som er minst 10 centimeter breiare enn inngangen. Blokkene bør du ha laga tidlegare, slik at dei er faste nok. Me brukte ski som berebjelker.
Innflytting
Me rulla ut underlaget og plasserte sekkane i kuldegropa. Me la dei våte kleda oppå spadeskafta. Me la oss tidleg og sov veldig godt. Me var gode og varme heile natta.
tirsdag 24. februar 2015
RINDABOTNEN 10.02 & KAUPANGERSKOGEN 23.02
Tysdag den 10.02.2015 og måndag den 23.02.2015 skulle friluftslivgjengen på tur att. Me brukte eindel tid på å planlegge turane på forhånd, det var veldig lurt. Me satt oss nokre mål for turane: Me skulle bli kjent med vinterfjellet og utstyret me brukar i vinterfjellet og lære meir om navigering. Hovudfokuset vårt var å bevege oss trygt i vinterfjellet. Navigering er viktig for alle årstider, men på vinteren blir det litt vanskelig på grunn av snøen som dekkjer ting i terrenget. Dette hadde me litt ekstra fokus på den andre turen, me brukte kart og kompass til å finne eit lite vatten, men det var sjølvsagt under snøen. Ting er ulike frå kartet på vinteren på grunn av snøen som dekkjer det meste, det er det viktig å tenke på når ein skal navigere i vinterfjellet. På den andre turen var eit av måla å kunne bevege seg i skogen og på den turen var det ekstra fokus på navigering, me brukte difor eindel tid på navigering når me kom "fram".På kvar tur har me ein A, B og kriseplan. På den første turen var det følgjande:
Her bestemte me dette i plenium i klasserommet:
Plan A: Mot reipa, følg skavassgrovi oppover. Bevegar oss oppover mot skavasshaugane, returnerer samme veg.
Plan B: Går vi opp mot reipa, følg stien opp mot rysete, og eventuelt opp mot skavasshaugane.
Kriseplan:Ser vi at ting skjer, returnerer vi på et gunstig tidspunkt.
Plan A: Mot reipa, følg skavassgrovi oppover. Bevegar oss oppover mot skavasshaugane, returnerer samme veg.
Plan B: Går vi opp mot reipa, følg stien opp mot rysete, og eventuelt opp mot skavasshaugane.
Kriseplan:Ser vi at ting skjer, returnerer vi på et gunstig tidspunkt.
På den andre turen hadde studenten Mats forbredt A, B og kriseplan før me skulle på Kaupangerskogen. Plan A var at me skulle komme oss til Pikkhaug, om me ikkje rakk det var plan B å komme oss opp mot Pikkhaug. Kriseplanen var å komme oss ned att til bilen som stod på Goro.
Me slapp heldigvis å ta i bruk kriseplanane, turane var veldig velykka og det vart ingen kriser.
![]() |
| Ruta me gjekk på Kaupangerskogen |
![]() |
| Ruta me gjekk på Rindabotnen Pakkeliste |
-Ski
- Stava
- Feller
- Hue, vottar
- Ullklede
- Dagstursekk
- Solbriller
- Mat, drikke
- Kart, kompass
- Førstehjelpsutstyr
- Spade
- Sitteunderlag
- Bytteklede, ekstra vottar
Desse gruppene gjekk fremst og leda resten av gjengen. Det var kjekt å føle eit litt større ansvar og å bruke kartet og kompasset for å finne ut kvar me skal gå.
Gjennomføring: På begge turane gjekk me for plan B. På den første turen brukte me litt lenger tid enn planlagt pga ulikt utstyr, litt dårlig vær og kanskje litt dårlig erfaring. Me valgte å snu før me eigentlig skulle fordi me måtte rekke bussen som gjekk frå Rindabotnen 14.45. På denne turen måtte me tenkje litt på snøras. Når me gjekk til venstre måtte me tenkje litt på det, det var eit heng over 30 grader.
Gjennomføring: På begge turane gjekk me for plan B. På den første turen brukte me litt lenger tid enn planlagt pga ulikt utstyr, litt dårlig vær og kanskje litt dårlig erfaring. Me valgte å snu før me eigentlig skulle fordi me måtte rekke bussen som gjekk frå Rindabotnen 14.45. På denne turen måtte me tenkje litt på snøras. Når me gjekk til venstre måtte me tenkje litt på det, det var eit heng over 30 grader.
Me holdt riktig avstand slik at me ikkje hadde blitt tatt viss det hadde gått eit ras. Det gjekk heldigvis ikkje noko ras når me var der, me tenkte eindel på å ikkje utløyse noko ras. På den andre turen var bussen veldig sein om me rakk desverre ikkje å gå heilt til pikkhaug, men det hadde me gjort om bussen hadde komt presis. Me gjekk til knekken i kraftlinja og hadde eindel tid til overs når me hadde komt opp dit. Då hadde me nokre øvingar med kart og kompass. Nedkøyringa gjekk veldig fint og me kom ned att til bussen skulle gå.
Evaluering: Eg er fornøgd med vegvala me gjorde på begge turane. Hadde bussen komt før hadde me hatt tid til å gå på Pikkhaug på tur to, me tok hensyn til ras og vær og me gjekk for trygge løysningar. På den første turen var ikkje gruppa så erfaren og me mangla noko utstyr. På tur to gjekk det mykje betre!
onsdag 21. januar 2015
BÅLDAG vol 2
Måndag etter juleferien var me ute i friluftslivtimane. Me vart delt inn i gruper på cirka fem personar. På gruppa skulle me lage eit bål. Me lagde eit pagodebål: (Forklaring på dette bålet i eit bålinnlegg lenger nede på bloggen)
Dette gjekk veldig fint, me fekk eit fint bål som brant svært godt. Alle hadde med ostesmørbrød som me grilla på bålet. Planen var å lage fornuftig mat på bål, noko me meinar ostesmørbrød er når me skal lage lunsj. Det hadde vert noko anna på menyen om me skulle laga middag eller frukost. Dette er noko me kjem til å erfare når me skal på snøholetur. Då skal me ete frukost, lunsj og middag.
Her er nokre bilder som illustrerar denne dagen, bilder seier meir enn ord:
mandag 8. desember 2014
Fornuftig/rett mat på tur
Å vere ute på tur i naturen kan vere fysisk krevjande i forhold til ein dag på skulen. Energibehovet på på ein tur er stort og ein et meir mat ein vanlig. Når du er på tur er det viktig å tenkje på kva du drikk og et. Maten har mykje å sei for helse, trivsel, fysiske prestasjonar og kroppselg velvære. Ein må både tenkje på at det er nok mat og drikke med på turen og at det skal vere rett rett og fornuftig mat.Nok mat
På turar treng kroppen tilførsel av drivstoff. Dess meir energikrevjande arbeid vi driv dess meir stig energibehovet. Dette behovet dekkjer vi med å forbrenne karohydrat, protein, feitt, vatn og mineral som er i den maten vi et, som blir omgjorde til energi som musklane kan bruke. Behovet for energi varierar frå person til person avhengig av ulike faktorar. Behovet for energi kan uttrykkjast i kcal eller kJ. 1 kcal er det same som 4,2 kJ. På ein vanleg kvardag treng dei fleste ikkje meir enn ca. 2000 kcal for å vere i balanse, medan på tur treng dei fleste 3000-5000 kcal.
Nok væske
Noko anna me trng mykje av er væske. Vi gir frå oss eindel væske i form av ulike typar fordamping frå huda. I tillegg gjennom pusten. Når me er på tur er me aktive, då forsvinn eindel væske som sveitte. Me må drikke mykje og me må forsette å drikke når me ikkje er meir tørste. På lengre turar bør ein drikke to liter væske i døgnet. Vi burde og tenkje på å drikke noko som ikkje er vassdrivande, for eksempel: Urtete, kakao, frukttebuljong og fruktsupper. Te og kaffi er dumt å drikke, det gjer at me mistar meir veske pga hyppig urinæring.
Rett mat
På kvardagar bør inntaket av mat innehalde ca. 55% karohydrat, 30% feitt og 15% protein. På tur burde me auke inntaket av karohydrat. Kor har me tærar på glykogenlagra i kroppen er avhengig av kor intenst arbeidet er og kor lenge det varer. På ein turdag med høgt og vedvarande aktivitetsnivå blir glykogenlagra etter kvart tømde. Me blir tomme, trøytte og slappe. Dette går utover korleis kroppen fungerar. Dersom det er mogeleg burde me setje ned tempoet på tur for å halde energiforbruket mest på feitt. (Vi har kanskje gått litt fort i starten på turane våre.) Det er viktig å ete og drikke i småpausar og det største måltidet bør vere på kvelden før ein skal sove. Dei første 15 minutta etter me har arbeidd, har kroppen størst evne til å fylle glykogendepota. Så kjem vi fram til ferdig leir og ikkje skal vere aktive, kan vi sikre god fylling av depota om me et simple karbohydrat. Kjem me derimot fram og må grave snøhole som me skal gjer på neste tur, er det viktig at eg fyller opp lagra med simple karbohydrat og komplekse for å ha noko å gå på. Til moderat fysisk arbeid er feitt ei viktig energikjelde, men dess meir krevjande arbeidet blir, dess meir tek vi av glykogenlagra, og med svært hardt muskelarbeid dekkjer vi energiforbruket med nesten berre med glykogen. Dette vil sei at me må vere varsame med tempoet på lange turar, det er noko klassen vår kanskje burde tenkje på. Spessielt på den første turen gjekk det veldig fort når me skulle til Fjæelandssete. Held vi for høgt tempo på turen, opplever vi etter kvart at glykogenlagra tømmer seg og me blir slappe. Som sagt burde me ete den proteinrike maten seint på kvelden for å utnytte han best mogeleg. Dette sikrar restitusjonsfasen der søvnen høyrar med, betre opptak og betre utnytting av proteina i kosten. Ofte er me på tur i kalde omgivnadar, og då er varm mat ein viktig føresetnad for å halde varmen og ha det bra.
Praktisk mat
Avhengig av kva type tur vi skal på, lengda på turen og årstida. Skal me padle eller segle treng me ikkje tenkje på vekta. Skal me på fottur i fjellet bør me tenkje på lite vekt og lite volum. Årstida spelar også ei rolle. I frostvær må ein tenkje på at maten ikkje skal fryse. I varmen må ein tenkje på at maten skal halde seg. Sjølv om det kan vere fristande å ta med seg posemat på tur, er ikkje det alltid det beste alternativet. Vi set ulike krav til mat på ulike turar. Maten til turen i vinterfjellet stiller dei høgste krava til oss. Maten skal gi varme, må ikkje fryse, vere lett, fylle lite og gi mykje energi. Alle desse faktorane må me tenkje på når me planlegg neste tur.
Frukost
Til frukost kan det lønne seg å ete havregraut eller liknande. Det kan også vere godt å lage ei frukostblanding heime der ein blandar gryn, mysli, rosiner osv. På den første turen lagde gruppa mi pannekaker og bacon, vi fekk ikkje til å steike pannakakene og me vart ganske kvalme. På den andre turen lagde me eggerøre og bacon, dette var ein god og proteinrik frukost som varte heile dagen.
Lunsj
Vanleg brødmat er ein sikker vinnar for meg. Ein kan og kominere "rett i koppen" posar med lefser eller knekkebrød. På vinter på ein passe på at maten ikkje frys.
Middag
Viktigaste måltidet. Maten må vere varm uansett sessong. Eg har ete den same middagen på begge turane eg har vore på. No skal eg fortelje oppskrifta på den middagen, eg tykkjer at den middagen har fungert bra.
Oppskrifter
Marinert kylling i lefse
- Marinert kyllingfile oppskjært i bitar (Dette gjer du heime på ovn)
- Oppskjærte grønnsaker: Raudlauk, paprika (Her kan du ta dei gønnsakene du likar)
- Lyse eller grove lefser- Salsa (Kan lett lage ein salsa heime med hjelp av tomat kvitlauk)
- Andre ting du kan ha i lefsa di
Korleis?
Varm alt opp på bål eller stormkjøkken. Dette er god, enkel og varm mat som smakar godt før ein skal sove.
Arabiske netter
Dette er eit sundt, godt, varmt og ikkje minst varmt alternativ.
Kva treng du?
-Poteter
-Løk
-Gulrøtter
-Noko kjøt
-Vatn
-Salt,pepar
-Smør
-Aliminumsfolie
Korleis?


- Lyse eller grove lefser- Salsa (Kan lett lage ein salsa heime med hjelp av tomat kvitlauk)
- Andre ting du kan ha i lefsa di
Korleis?
Varm alt opp på bål eller stormkjøkken. Dette er god, enkel og varm mat som smakar godt før ein skal sove.
Arabiske netter
Dette er eit sundt, godt, varmt og ikkje minst varmt alternativ.
Kva treng du?
-Poteter
-Løk
-Gulrøtter
-Noko kjøt
-Vatn
-Salt,pepar
-Smør
-Aliminumsfolie
Korleis?


tirsdag 21. oktober 2014
Klakk til Halsavatnet/Nuken
HALSAVATNET/NUKEN 16.10.14-17.10.14
Den første dagen gjekk vi til Halsavatnet, den andre dagen gjekk vi til Nuken-Hyllsete-Aaberge-Kvåle. Torsdag ettermiddag gjekk vi frå Åsen til Vatnasete, gruppa mi leda vegen og fant teltplass. Det gjekk fint å gå den første dagen, det var ikkje så langt. Vi brukte litt lang tid på å finne teltlplass fordi vi var usikre på kva vi skulle prioritere. Skulle vi ha vatn eller ly? Vi måtte dessutan finne eit område der det var flatt og ikkje myr. Gruppa mi fant til slutt eit område der det var flatt, ikkje noko ly og det vi prioriterte til slutt var ly. Vi fant ein teltplass utan noko vind (sørvest for Halsavatnet), det var lurt sidan vinden var ganske kjølig. Vinden var kald, det var derfor lurt at vi fant ein plass der det var ly. Når vi kom fram var vi veldig effektive: Gruppa mi organiserte seg, vi vart fort ferdige med å sette opp teltet og lage middag. I mens vi gjorde dette var plustelig bålet ferdig (pagode bål). Det var deilig å sette seg med bålet når vi var ferdige med den gode middagen vi laga. Etter hyggelig bålkos la vi oss i teltet, alle i teltet låg og prata ganske lenge. Det var koselig. Det gjekk veldig fint å sove natt til fredag, eg sov godt i vintersoveposen min. Når vi vakna dagen etterpå var det "vinter". Det var kvitt i ytterteltet og vatnet var fryst. Vi laga frukost, pakka ned teltet og andre ting og var klare ein halvtime før vi skulle. Dette var mykje bedre enn forgje gong. Vi begynte å gå klokka 10.30 på fredag, då var det ei anna gruppe som leda oss. Vi gjekk til Nuken først, så gjekk vi til Hyllsete og hadde lunsj der. Så gjekk vi til Aaberge-Kvåle. Vi vaska stormkjøkken og hang opp telta. Så var det helg.
Turplanlegging
Dette planla vi på skulen før vi reiste:
Mål:
-Tenne opp bål
-Pakka ned leiren meir effektivt enn forje gong
-Pakka ned leiren meir effektivt enn forje gong
-Bevege oss i haustfjellet:
Gruppa som skal lede må gå i front. Viktig at me held oss samla, og går i eit jamt tempo som alle kan følgja.
Gruppa som skal lede må gå i front. Viktig at me held oss samla, og går i eit jamt tempo som alle kan følgja.
Reiserute plan A:
TORSDAG
1600 -Oppmøte
1700 -Gå frå Åsen
1800 -Framme
1900 -Leir klar, middag i gang
FREDAG
0900 -Stå opp
1030 -Avreise
1115 -Nuken, mat
1200 -Avreise Nuken
1330 -Skulen
1400 -Utstyr klar, god helg!
1600 -Oppmøte
1700 -Gå frå Åsen
1800 -Framme
1900 -Leir klar, middag i gang
FREDAG
0900 -Stå opp
1030 -Avreise
1115 -Nuken, mat
1200 -Avreise Nuken
1330 -Skulen
1400 -Utstyr klar, god helg!
Reiserute plan B:
Gå tilbake til Åsen og nytte bil plassert der.
Kriseplan:
-Ringa nødnummer
-AMK
-Bruke plan B om nødvendig
Navigasjonsansvar:
Åsen->Halsavatnet: Gruppe 1
Finne leirplass: Gruppe 1
Halsavatnet->Nuken: Gruppe 5Nuken->Hyllsete: Gruppe 4
Hyllsete-> Kvåle= Gruppe 3
Utstyrsliste:
PERSONLEG UTSTYR:
• Sovepose
• Liggeunderlag
• Ull: stilongs, sokka, trøye
• Varm gensar/ jakke
• vind og vasstett jakke
• Fjellbukse/ thights
• Goe sko - fjellsko
• God sekk
• Toalettsaker
• Hue/votta
• Bestikk og tallerken
• Drikkeflaske
• Dopapir + fyrstikker
• Kniv
• Hovudløkt
• Førstehjelpsutstyr
• Individuell niste
• Sovepose
• Liggeunderlag
• Ull: stilongs, sokka, trøye
• Varm gensar/ jakke
• vind og vasstett jakke
• Fjellbukse/ thights
• Goe sko - fjellsko
• God sekk
• Toalettsaker
• Hue/votta
• Bestikk og tallerken
• Drikkeflaske
• Dopapir + fyrstikker
• Kniv
• Hovudløkt
• Førstehjelpsutstyr
• Individuell niste
FELLESUTSRYR:
• Telt
• Stormkjøkken
• Rødsprit
• Telt
• Stormkjøkken
• Rødsprit
EKSTRA:
• Kortstokk
• Termos/termokopp
• Kortstokk
• Termos/termokopp
Alt dette brukte vi to skuletimar på å planleggje. Heile klassen diskuterte og kom fram til desse punkta eg har skreve over. No skal vi sjå på om vi klarte å følgje det vi planla:
Slik vart det:
Mål:
-Vi fekk til å tenne opp eit bål. Eller den gruppa som hadde gløymd stormkjøkken lagde mål i mens vi laga middag. Dette gjekk veldig fort og vi hadde stor glede av bålet.
-Leiren vart pakka ned veldig fort, vi var ferdige lenge før vi skulle
-Vi holdt oss samla, gruppa som skulle gjekk først og vi hadde eit bra tempo
Reiserute plan A:
Alle som skulle vere med møtte opp klokka 16.00, til avtalt tid. Vi var klare til å gå frå Åsen 17.00. Gruppa mi leda, det gjekk veldig fint. Eg trur vi gjekk i eit tempo som passa heile klassen. I mens vi gjekk samla vi ved til bålet. Vi var framme cirka klokka 18.00 og 19.00 var teltet oppe og middagen klar. Vi laga veldig god middag, alle på gruppa vart mette og gode. Vi hadde tacolefser, kyllingfile gratinert i fajitakrydder med raudlauk og paprika og rømme, salsa og salat til. Dette var ein mettande og god middag. Vi holdt planen vi laga svært godt. Vi la oss i 23.00 tida. Eg la meg med tjukke sokkar, ull oppe og nede og hue. Eg låg i vintersoveposen min og eg fraus ikkje heile natta. Vi låg og prata ganske lenge før vi sovna, men det var berre koselig. Vi vakna ganske tidleg dagen etterpå, klokka 09.00(då me egentlig skulle stå opp) var me allerede ute av teltet. Vi var klare til å gå ein halvtime før vi skulle reise. Veldig pliktoppfyllande gjeng. Vi var på Nuken til planlagt tid, men vi valgte å ikkje ete lunsj der: Fordi vi var mette og fordi det var ganske kladt der. Klokka 14.00 var utstyret klart og vi kunne sei god helg. Vi kunne ikkje planlagt dette betre. APPLAUS
Navigasjonsansvar:
Dette gjekk veldig fint på alle mulige måtar:
-Dei som skulle lede gjekk fremst
-Dei som leda hadde eit perfekt tempo
-Gruppa var samla heile tida
-Dei som skulle lede fant gode løysningar ved hjelp av kart og kompass
(Dei som ikkje kunne om kart og kompass før denne turen lærte det vertfall no, kartet og kompasset er ein av dei viktigaste hjelpemidla på turane våre)
Utstyrliste:
Eg hadde med alt på utsyrlista, eg fekk bruk for alt eg hadde med og eg hadde ikkje bruk for noko anna. Veldig bra jobb av dei som laga utstyrlista. Eg hadde plass til alt og eg fekk bruk for det som var med i sekken min.
Dei tre viktigaste tinga på utstyrslista for meg var: hovudlykt, ull og vintersoveposen.
Vurdering av planlegginsfasen:
Eg synst at vi planla alt perfekt i minste detalj. Eg kjem ikkje på noko gruppa kunne gjort anleis når vi planla turen. VI fulgte tidsskjemaet til punkt og prikke. Eg hadde med meg akuratt det eg trengte av mat, kleder og anna utstyr. Dette kunne gruppa vår gjort betre: Før vi la oss på kvelden låg det att noko mat og fellesutstyr utafor teltet vårt som Kristina måtte ta seg av. Dette var ikkje bra, på neste tur skal vi gjere noko med dette. Det skal aldri skje igjen. Folk meinte kanskje at vi brukte litt lang tid på å finne leirplass, men vi gjorde ei god vurdering og fant ein bra plass til slutt. Eg er fornøgd med prosessen vi hadde der.
Tre ting eg gjorde bra
- Eg sov berre med ull og tetta endane mine, eg fraus ikkje heile natta. På forgje tur kledde eg på meg altfor mykje, dette resulterte i at eg fraus i soveposen. Ein god erfaring.
- Gode kjøp: Eg innvisterte i nye sko og nytt liggeunderlag. Skoa var superlette og gode. Mykje betre enn dei eg hadde på forgje tur. Liggeunderlaget eg kjøpte isolerte mykje betre enn det eg hadde forgje gang.
-Eg hadde med meg kart heimefrå. Det var kjekt å føle eit eigeansvar, då vart det mykje kjekkare å drive på med kartet.
Tre ting som kunne vore betre
-Vi skulla rydda utafor teltet før vi la oss
-Eg kunne innvolvert meg i bållaginga
-Hatt med eige kompass
![]() |
| Dette er vegen vi gjekk, eg leda den raude delen. |
![]() |
| Kompassbilde med Stine, min gruppekamerat. Begge to synst at kompass er spennande! |
![]() |
| NYDELIG |
![]() |
| Meg og Marte. |
![]() |
| Meg, Vegard og Sander. |
![]() |
| Middagen. |
![]() |
| Eg laga middag. |
![]() |
| Bålkos med klassen var supert. |
![]() |
| Teltet vårt, det gjekk fort opp og ned. |
![]() |
| Eggerøre "dagen derpå". |
![]() |
![]() |
| Selfie i telet, gruppe 1. |
![]() |
| Meg, Stine og Sanna. |
![]() |
| Bacon "dagen derpå". |
tirsdag 30. september 2014
Båldag
Hei! Måndag 29.09.14 var vi på Rutlindslid for å lage eit bål i friluftslivtimane og i maten. Vi lærde mykje nytt om bål og bålbrenning. Eg trudde me skulle lage bål sjølv, men når me kom opp hadde to studentar laga ferdig bålet til oss. Dei lagde og ein modell av eit anna bål, Vinterbålet: Dette bålet skal vere tett pakka viss det skal vare lenge. Slik er vinterbålet oppbygd:
VINTERBÅL:
Tenn frå toppen
Bjørkenever
Tørt granris
Spon flisa av tørr ved
Nøreved: tynne, tørre kvistar og tørr flis
Tynn og tørr ved
Tjukke, rå stokkar
Oppgåva mi var å samle never. Eg sleit litt, heilt til Kristina ga meg ein kniv. Då fekk eg samla ganske mykje never. Eg trur Kristina tok med seg det vi fant heim, det kan me bruke når me skal på tur til Nuken. Det er ikkje alltid tennbart matriale tilgjengelig. Då er det ofte lurt å ha med seg noko heimefrå.
No skal eg fortelje litt om båltypen eg kjenner best: PYRAMIDEBÅL:
Byggjer bålet opp innafrå med lettanennelige delar som never, bark og treflisar. Så byggjer ein vidare utover, større og større. Dette bålet egnar seg best som "kosebål".
![]() |
| Dette er ei oversikt over kva som brenn best.
Dette er eit vnterbål.
|
Abonner på:
Kommentarer (Atom)







































