Vi var delt inn i fem grupper, eg var på gruppe med Rebekka, Daniel og Kjersti:
Kvar gruppe fekk forskjellige oppgåver. Vi skulle først og fremst finne teltplass til klassen. Vi ville prøve å fylle så mange krav som mogeleg når me valde teltplass. Derfor brukte me litt tid når me skulle finne den "perfekte" teltplassen. Vi ville finne ein plass med desse krava: Det måtte vere tørt, nokså flatt underlag, drikkevatten i nærleiken og i litt ly for vind. Klassen ville og ha ein plass nærme vattenet, derfor valde me teltplass atmed Olavsøya: Vi budde der det er eit raudt kryss.
Vi skulle og finne første del av ruta på dag to: Då gjekk me først innom bekken for å fylle på drikkefalskene våre og so følgte me denne ruta:
På dag to hadde me lunsjpause på Fagereggi, me hadde og ein ganske lang pause på fine Kollsetestølen. Eg syns naturen på dag to var heilt fantastisk, me gjekk berre å prata om kot fint det var på slettene me passerte. Dette var kjekt!
Kva kan eg gjer anleis? Eg har først og fremst planar om å skaffe meg eit nytt liggeunderlag, eg fraus og det var hardt å ligge på. På neste tur har eg også planar om å pakke mykje lettare, sekken min var kjempetung. Eg hadde kanskje med med nokre unødvendige ting. Det lønnar seg kanskje å halde eit jamnare tempo, på vegen til Fjærlandsete gjekk me veldig fort. Tempoet var kjekkare på dag to.
Eg syns eg pakka med bra med kleder, eg hadde nok ullkle til å bytte når eg svetta og eg hadde gode turkle. Det var veldig lurt å ha med joggesko. Det var fantastisk å gå med joggesko når me var framme. Det var mange som vart kalde på natta, eg hadde pakka bra med kle. Dette skal eg forsette med. Eg lærde som sagt å finne kompasskurs og å lese eit kart mykje bedre enn eg kunne før. På neste tur blir det kjekt å ta nytte av desse kunnskapane.
KJØLESKAPET VÅRT VART GODT BRUKT!
Veldig bra innlegg! Kjekt å sjå alle dei fine stemningsbildene du har teke.
SvarSlettBra jobba, Victoria! Dette var eit kjekt innlegg å lese. Masse fine bilder og bra tekst. Var veldig gøy å vere på gruppe med deg :)
SvarSlettFint innlegg med mange koslege bilder! :)
SvarSlettBra skreve, bra tur, bra jenter! dette ser BRA ut
SvarSlettVirkelig bra innlegg med mange fine bilder! Gledar meg til neste tur! :)
SvarSlett