tirsdag 30. september 2014

Båldag

Hei! Måndag 29.09.14 var vi på Rutlindslid for å lage eit bål i friluftslivtimane og i maten. Vi lærde mykje nytt om bål og bålbrenning. Eg trudde me skulle lage bål sjølv, men når me kom opp hadde to studentar laga ferdig bålet til oss. Dei lagde og ein modell av eit anna bål, Vinterbålet: Dette bålet skal vere tett pakka viss det skal vare lenge. Slik er vinterbålet oppbygd:
VINTERBÅL:
Tenn frå toppen
Bjørkenever
Tørt granris
Spon flisa av tørr ved
Nøreved: tynne, tørre kvistar og tørr flis
Tynn og tørr ved
Tjukke, rå stokkar

Oppgåva mi var å samle never. Eg sleit litt, heilt til Kristina ga meg ein kniv. Då fekk eg samla ganske mykje never. Eg trur Kristina tok med seg det vi fant heim, det kan me bruke når me skal på tur til Nuken. Det er ikkje alltid tennbart matriale tilgjengelig. Då er det ofte lurt å ha med seg noko heimefrå. 

No skal eg fortelje litt om båltypen eg kjenner best: PYRAMIDEBÅL:
Byggjer bålet opp innafrå med lettanennelige delar som never, bark og treflisar. Så byggjer ein vidare utover, større og større. Dette bålet egnar seg best som "kosebål".
Dette er ei oversikt over kva som brenn best.



Dette er eit vnterbål.

torsdag 18. september 2014

Klakk til Fjærlandsete


Hei!
No skal eg fortelje om turen friluftsliv-klassen hadde til Fjærlandsete den 15.09.14 til 16.09.14. Den første dagen gjekk me frå Mannsverk til Fjærlandsete, der skulle me sove i telt frå måndag til tysdag. Me køyrde frå Ingafossen 08.55, me begynte å gå i 10.00-tida. Me gjekk først til Furusete, der hadde me ein lang lunsj. Etter ein time på Furusete forsatte klassen (i eit høgt tempo) mot Fjærlandsete. 

Dette er jenter som har full kontroll på å finne kompasskurs, dette er noko eg lærde under turen. Vi fekk fleire oppgåver som omhandla kompass, dette er noko samtlege i klassen har full kontroll på no. 




Spente og blide jenter på bussen. Klare for avreise til solrike Øvstedalen. Dette var ein tur som virekelig levde opp til forventingane. 
Me sit og igjen med mykje kunnskap om kart, me brukte kartet aktivt under heile turen. Alle i klassen har planar om å invistere i sitt eige kart. Me merka at det var veldig nyttig å ha med seg, vertfall no som me har eindel kunnskap om kart. KART ER KJEKT!


Vi var delt inn i fem grupper, eg var på gruppe med Rebekka, Daniel og Kjersti: 

Kvar gruppe fekk forskjellige oppgåver. Vi skulle først og fremst finne teltplass til klassen. Vi ville prøve å fylle så mange krav som mogeleg når me valde teltplass. Derfor brukte me litt tid når me skulle finne den "perfekte" teltplassen. Vi ville finne ein plass med desse krava: Det måtte vere tørt, nokså flatt underlag, drikkevatten i nærleiken og i litt ly for vind. Klassen ville og ha ein plass nærme vattenet, derfor valde me teltplass atmed Olavsøya: Vi budde der det er eit raudt kryss.
Vi skulle og finne første del av ruta på dag to: Då gjekk me først innom bekken for å fylle på drikkefalskene våre og so følgte me denne ruta:
På dag to hadde me lunsjpause på Fagereggi, me hadde og ein ganske lang pause på fine Kollsetestølen. Eg syns naturen på dag to var heilt fantastisk, me gjekk berre å prata om kot fint det var på slettene me passerte. Dette var kjekt! 
Kva kan eg gjer anleis? Eg har først og fremst planar om å skaffe meg eit nytt liggeunderlag, eg fraus og det var hardt å ligge på. På neste tur har eg også planar om å pakke mykje lettare, sekken min var kjempetung. Eg hadde kanskje med med nokre unødvendige ting. Det lønnar seg kanskje å halde eit jamnare tempo, på vegen til Fjærlandsete gjekk me veldig fort. Tempoet var kjekkare på dag to. 
Eg syns eg pakka med bra med kleder, eg hadde nok ullkle til å bytte når eg svetta og eg hadde gode turkle. Det var veldig lurt å ha med joggesko. Det var fantastisk å gå med joggesko når me var framme. Det var mange som vart kalde på natta, eg hadde pakka bra med kle. Dette skal eg forsette med. Eg lærde som sagt å finne kompasskurs og å lese eit kart mykje bedre enn eg kunne før. På neste tur blir det kjekt å ta nytte av desse kunnskapane. 
KJØLESKAPET VÅRT VART GODT BRUKT!