mandag 11. mai 2015

På tur med kano

Måndag 13. april var friluftslivklassen på kanotur, måla for dagen var:
- Bli trygg i kano & ha kjennskap til grunnleggande sikkerheit
- Utstyr
- I land/ombordstigning
- Padleteknikk/manøvrering av kano/sittestilling
- Navigering & marsjfart

Før me la kanoane på vattenet
Padling er ikkje utan ein viss risiko, i elv og straum er det fort gjort å slå seg mot stein eller bli sitjande fast under vatn. Med ein gong me hadde lagt kanoane ut på vattenet satt kanoen til Amanda & meg seg fast oppå ein stein, det var litt ubehagelig, men me kom oss fort ut av situasjonen og vekk frå bølgene som var med brygga.
Men ein velt kan bli dramatisk også på flatt vatn, av omsyn til vår eigen tryggleik måtte me tenke igjennom kva som kunne skje før me la utpå.
Utstyr
I Noreg skjer det mange drukningsulykker kvart år. Dei aller fleste dødsfalla i vatn kjem av nedkjøling. På grunn av den gode leiingsevna vatn har, blir kroppen raskt tappa for varme jamvel om vasstempraturen er over 20 grader. Er tempraturen i vatnet 10 grader, kan du risikere å vere nedkjølt og kraftlaus etter ein halvtime.
Utan flyteplag tek du ein stor risiko, alle i klassen hadde på seg redningsvest. Klesdrakta er også ein vesentleg faktor for den sjansen du har til å overleve etter at du har hamna i vatnet. Val av klede kan vere det som skil mellom eit litt ubehageleg, vått og kaldt uhell og ei dødsulykke. Ein kanovelt når du er åleine ute på eit stort vatten, fører i alle tilfelle til eit langvarig opphald i vatnet. På turen var me opp mot 20 elevar og ein lærar  som har mykje erfaring, i tilegg skulle me aldri padle meir enn tre meter bort frå land. Hadde ein kano velta, kunne me berre svømt tre meter inn til land. Me skal også øve oss på kammeratredning før me skal på den "lange" overnattingsturen med kano, slik at me kan hjelpe viss nokon opplever ein kanovelt midt på fjorden. Å tømme ein kano for vatn og entre han utan hjelp frå andre er nesten umogeleg når du ikkje har øvd på det. Når vi padlar minst to båtar saman, kan vi meistre ein situasjon med velt, særleg dersom me har øvd på både å lense båten og på å entre kanoen frå vatnet.
Sjøklar båt, sjøklart mannskap
Vi måtte også sjekke om kanoen var sjøklar, det same gjaldt årene. Det er viktig å sjekke om det er lekkasje eller skadar på kanoen. Me måtte unngå lause tau og reimar, det er lett å vikle seg fast i dei slik at du ikkje kjem deg laus om uhellet skulle vere ute og du veltar. Dette er spesielt farleg når du padlar i elvar.
Vest
Noko av det viktigaste på kanotur er å alltid ha på seg flyteplagg. Det er viktig at vesten passar. Ein for stor vest kan du skli ut av, og ein del vestar er konstruerte slik at vi må bruke stegstropp for å hindre at vesten sklir av.
Klede
Ullklede fungerer som våtdrakt, vatnet blir soge opp i fibrane og varma opp kroppen slik at det blir skapt ein buffer mellom den varme huda og det kalde vatnet utanfor. Dermed reduserer ein varmetapet svært mykje. Eit vasstett låg utanpå gjer at du held deg tørr frå vassprut når du padlar.
Kammeratredning
I tilfelle uhellet skulle vere ute og kanoen velta har me vore i symjehallen å øvd på kammeratredning. Eg, Stine, Amanda og Sanna var kammeratar. Slik gjorde me det:
1. Det eine paret velta kanoen sin
2. Dei to som ligg i vatnet kjem seg fort opp på endane på den kanoen som forsett står i vatnet
3. Dei to som sit i den kanoen som forsett står i vatnet får kanoen som har velta opp på deira & dei snur han og legg han på vatnet igjen
4. Dei som ligg i vatnet kjem seg opp i kanoen igjen
- Dette er litt vanskelig å forklare, mykje lettare å gjennomføre i praksis
- For dette gjekk veldig bra i praksis