Tysdag den 10.02.2015 og måndag den 23.02.2015 skulle friluftslivgjengen på tur att. Me brukte eindel tid på å planlegge turane på forhånd, det var veldig lurt. Me satt oss nokre mål for turane: Me skulle bli kjent med vinterfjellet og utstyret me brukar i vinterfjellet og lære meir om navigering. Hovudfokuset vårt var å bevege oss trygt i vinterfjellet. Navigering er viktig for alle årstider, men på vinteren blir det litt vanskelig på grunn av snøen som dekkjer ting i terrenget. Dette hadde me litt ekstra fokus på den andre turen, me brukte kart og kompass til å finne eit lite vatten, men det var sjølvsagt under snøen. Ting er ulike frå kartet på vinteren på grunn av snøen som dekkjer det meste, det er det viktig å tenke på når ein skal navigere i vinterfjellet. På den andre turen var eit av måla å kunne bevege seg i skogen og på den turen var det ekstra fokus på navigering, me brukte difor eindel tid på navigering når me kom "fram".På kvar tur har me ein A, B og kriseplan. På den første turen var det følgjande:
Her bestemte me dette i plenium i klasserommet:
Plan A: Mot reipa, følg skavassgrovi oppover. Bevegar oss oppover mot skavasshaugane, returnerer samme veg.
Plan B: Går vi opp mot reipa, følg stien opp mot rysete, og eventuelt opp mot skavasshaugane.
Kriseplan:Ser vi at ting skjer, returnerer vi på et gunstig tidspunkt.

På den andre turen hadde studenten Mats forbredt A, B og kriseplan før me skulle på Kaupangerskogen. Plan A var at me skulle komme oss til Pikkhaug, om me ikkje rakk det var plan B å komme oss opp mot Pikkhaug. Kriseplanen var å komme oss ned att til bilen som stod på Goro.
Me slapp heldigvis å ta i bruk kriseplanane, turane var veldig velykka og det vart ingen kriser.
![]() |
| Ruta me gjekk på Kaupangerskogen |
![]() |
| Ruta me gjekk på Rindabotnen Pakkeliste |
-Ski
- Stava
- Feller
- Hue, vottar
- Ullklede
- Dagstursekk
- Solbriller
- Mat, drikke
- Kart, kompass
- Førstehjelpsutstyr
- Spade
- Sitteunderlag
- Bytteklede, ekstra vottar
Desse gruppene gjekk fremst og leda resten av gjengen. Det var kjekt å føle eit litt større ansvar og å bruke kartet og kompasset for å finne ut kvar me skal gå.
Gjennomføring: På begge turane gjekk me for plan B. På den første turen brukte me litt lenger tid enn planlagt pga ulikt utstyr, litt dårlig vær og kanskje litt dårlig erfaring. Me valgte å snu før me eigentlig skulle fordi me måtte rekke bussen som gjekk frå Rindabotnen 14.45. På denne turen måtte me tenkje litt på snøras. Når me gjekk til venstre måtte me tenkje litt på det, det var eit heng over 30 grader.

Me holdt riktig avstand slik at me ikkje hadde blitt tatt viss det hadde gått eit ras. Det gjekk heldigvis ikkje noko ras når me var der, me tenkte eindel på å ikkje utløyse noko ras. På den andre turen var bussen veldig sein om me rakk desverre ikkje å gå heilt til pikkhaug, men det hadde me gjort om bussen hadde komt presis. Me gjekk til knekken i kraftlinja og hadde eindel tid til overs når me hadde komt opp dit. Då hadde me nokre øvingar med kart og kompass. Nedkøyringa gjekk veldig fint og me kom ned att til bussen skulle gå.
Evaluering: Eg er fornøgd med vegvala me gjorde på begge turane. Hadde bussen komt før hadde me hatt tid til å gå på Pikkhaug på tur to, me tok hensyn til ras og vær og me gjekk for trygge løysningar. På den første turen var ikkje gruppa så erfaren og me mangla noko utstyr. På tur to gjekk det mykje betre!