HALSAVATNET/NUKEN 16.10.14-17.10.14
Den første dagen gjekk vi til Halsavatnet, den andre dagen gjekk vi til Nuken-Hyllsete-Aaberge-Kvåle. Torsdag ettermiddag gjekk vi frå Åsen til Vatnasete, gruppa mi leda vegen og fant teltplass. Det gjekk fint å gå den første dagen, det var ikkje så langt. Vi brukte litt lang tid på å finne teltlplass fordi vi var usikre på kva vi skulle prioritere. Skulle vi ha vatn eller ly? Vi måtte dessutan finne eit område der det var flatt og ikkje myr. Gruppa mi fant til slutt eit område der det var flatt, ikkje noko ly og det vi prioriterte til slutt var ly. Vi fant ein teltplass utan noko vind (sørvest for Halsavatnet), det var lurt sidan vinden var ganske kjølig. Vinden var kald, det var derfor lurt at vi fant ein plass der det var ly. Når vi kom fram var vi veldig effektive: Gruppa mi organiserte seg, vi vart fort ferdige med å sette opp teltet og lage middag. I mens vi gjorde dette var plustelig bålet ferdig (pagode bål). Det var deilig å sette seg med bålet når vi var ferdige med den gode middagen vi laga. Etter hyggelig bålkos la vi oss i teltet, alle i teltet låg og prata ganske lenge. Det var koselig. Det gjekk veldig fint å sove natt til fredag, eg sov godt i vintersoveposen min. Når vi vakna dagen etterpå var det "vinter". Det var kvitt i ytterteltet og vatnet var fryst. Vi laga frukost, pakka ned teltet og andre ting og var klare ein halvtime før vi skulle. Dette var mykje bedre enn forgje gong. Vi begynte å gå klokka 10.30 på fredag, då var det ei anna gruppe som leda oss. Vi gjekk til Nuken først, så gjekk vi til Hyllsete og hadde lunsj der. Så gjekk vi til Aaberge-Kvåle. Vi vaska stormkjøkken og hang opp telta. Så var det helg.
Turplanlegging
Dette planla vi på skulen før vi reiste:
Mål:
-Tenne opp bål
-Pakka ned leiren meir effektivt enn forje gong
-Pakka ned leiren meir effektivt enn forje gong
-Bevege oss i haustfjellet:
Gruppa som skal lede må gå i front. Viktig at me held oss samla, og går i eit jamt tempo som alle kan følgja.
Gruppa som skal lede må gå i front. Viktig at me held oss samla, og går i eit jamt tempo som alle kan følgja.
Reiserute plan A:
TORSDAG
1600 -Oppmøte
1700 -Gå frå Åsen
1800 -Framme
1900 -Leir klar, middag i gang
FREDAG
0900 -Stå opp
1030 -Avreise
1115 -Nuken, mat
1200 -Avreise Nuken
1330 -Skulen
1400 -Utstyr klar, god helg!
1600 -Oppmøte
1700 -Gå frå Åsen
1800 -Framme
1900 -Leir klar, middag i gang
FREDAG
0900 -Stå opp
1030 -Avreise
1115 -Nuken, mat
1200 -Avreise Nuken
1330 -Skulen
1400 -Utstyr klar, god helg!
Reiserute plan B:
Gå tilbake til Åsen og nytte bil plassert der.
Kriseplan:
-Ringa nødnummer
-AMK
-Bruke plan B om nødvendig
Navigasjonsansvar:
Åsen->Halsavatnet: Gruppe 1
Finne leirplass: Gruppe 1
Halsavatnet->Nuken: Gruppe 5Nuken->Hyllsete: Gruppe 4
Hyllsete-> Kvåle= Gruppe 3
Utstyrsliste:
PERSONLEG UTSTYR:
• Sovepose
• Liggeunderlag
• Ull: stilongs, sokka, trøye
• Varm gensar/ jakke
• vind og vasstett jakke
• Fjellbukse/ thights
• Goe sko - fjellsko
• God sekk
• Toalettsaker
• Hue/votta
• Bestikk og tallerken
• Drikkeflaske
• Dopapir + fyrstikker
• Kniv
• Hovudløkt
• Førstehjelpsutstyr
• Individuell niste
• Sovepose
• Liggeunderlag
• Ull: stilongs, sokka, trøye
• Varm gensar/ jakke
• vind og vasstett jakke
• Fjellbukse/ thights
• Goe sko - fjellsko
• God sekk
• Toalettsaker
• Hue/votta
• Bestikk og tallerken
• Drikkeflaske
• Dopapir + fyrstikker
• Kniv
• Hovudløkt
• Førstehjelpsutstyr
• Individuell niste
FELLESUTSRYR:
• Telt
• Stormkjøkken
• Rødsprit
• Telt
• Stormkjøkken
• Rødsprit
EKSTRA:
• Kortstokk
• Termos/termokopp
• Kortstokk
• Termos/termokopp
Alt dette brukte vi to skuletimar på å planleggje. Heile klassen diskuterte og kom fram til desse punkta eg har skreve over. No skal vi sjå på om vi klarte å følgje det vi planla:
Slik vart det:
Mål:
-Vi fekk til å tenne opp eit bål. Eller den gruppa som hadde gløymd stormkjøkken lagde mål i mens vi laga middag. Dette gjekk veldig fort og vi hadde stor glede av bålet.
-Leiren vart pakka ned veldig fort, vi var ferdige lenge før vi skulle
-Vi holdt oss samla, gruppa som skulle gjekk først og vi hadde eit bra tempo
Reiserute plan A:
Alle som skulle vere med møtte opp klokka 16.00, til avtalt tid. Vi var klare til å gå frå Åsen 17.00. Gruppa mi leda, det gjekk veldig fint. Eg trur vi gjekk i eit tempo som passa heile klassen. I mens vi gjekk samla vi ved til bålet. Vi var framme cirka klokka 18.00 og 19.00 var teltet oppe og middagen klar. Vi laga veldig god middag, alle på gruppa vart mette og gode. Vi hadde tacolefser, kyllingfile gratinert i fajitakrydder med raudlauk og paprika og rømme, salsa og salat til. Dette var ein mettande og god middag. Vi holdt planen vi laga svært godt. Vi la oss i 23.00 tida. Eg la meg med tjukke sokkar, ull oppe og nede og hue. Eg låg i vintersoveposen min og eg fraus ikkje heile natta. Vi låg og prata ganske lenge før vi sovna, men det var berre koselig. Vi vakna ganske tidleg dagen etterpå, klokka 09.00(då me egentlig skulle stå opp) var me allerede ute av teltet. Vi var klare til å gå ein halvtime før vi skulle reise. Veldig pliktoppfyllande gjeng. Vi var på Nuken til planlagt tid, men vi valgte å ikkje ete lunsj der: Fordi vi var mette og fordi det var ganske kladt der. Klokka 14.00 var utstyret klart og vi kunne sei god helg. Vi kunne ikkje planlagt dette betre. APPLAUS
Navigasjonsansvar:
Dette gjekk veldig fint på alle mulige måtar:
-Dei som skulle lede gjekk fremst
-Dei som leda hadde eit perfekt tempo
-Gruppa var samla heile tida
-Dei som skulle lede fant gode løysningar ved hjelp av kart og kompass
(Dei som ikkje kunne om kart og kompass før denne turen lærte det vertfall no, kartet og kompasset er ein av dei viktigaste hjelpemidla på turane våre)
Utstyrliste:
Eg hadde med alt på utsyrlista, eg fekk bruk for alt eg hadde med og eg hadde ikkje bruk for noko anna. Veldig bra jobb av dei som laga utstyrlista. Eg hadde plass til alt og eg fekk bruk for det som var med i sekken min.
Dei tre viktigaste tinga på utstyrslista for meg var: hovudlykt, ull og vintersoveposen.
Vurdering av planlegginsfasen:
Eg synst at vi planla alt perfekt i minste detalj. Eg kjem ikkje på noko gruppa kunne gjort anleis når vi planla turen. VI fulgte tidsskjemaet til punkt og prikke. Eg hadde med meg akuratt det eg trengte av mat, kleder og anna utstyr. Dette kunne gruppa vår gjort betre: Før vi la oss på kvelden låg det att noko mat og fellesutstyr utafor teltet vårt som Kristina måtte ta seg av. Dette var ikkje bra, på neste tur skal vi gjere noko med dette. Det skal aldri skje igjen. Folk meinte kanskje at vi brukte litt lang tid på å finne leirplass, men vi gjorde ei god vurdering og fant ein bra plass til slutt. Eg er fornøgd med prosessen vi hadde der.
Tre ting eg gjorde bra
- Eg sov berre med ull og tetta endane mine, eg fraus ikkje heile natta. På forgje tur kledde eg på meg altfor mykje, dette resulterte i at eg fraus i soveposen. Ein god erfaring.
- Gode kjøp: Eg innvisterte i nye sko og nytt liggeunderlag. Skoa var superlette og gode. Mykje betre enn dei eg hadde på forgje tur. Liggeunderlaget eg kjøpte isolerte mykje betre enn det eg hadde forgje gang.
-Eg hadde med meg kart heimefrå. Det var kjekt å føle eit eigeansvar, då vart det mykje kjekkare å drive på med kartet.
Tre ting som kunne vore betre
-Vi skulla rydda utafor teltet før vi la oss
-Eg kunne innvolvert meg i bållaginga
-Hatt med eige kompass
![]() |
| Dette er vegen vi gjekk, eg leda den raude delen. |
![]() |
| Kompassbilde med Stine, min gruppekamerat. Begge to synst at kompass er spennande! |
![]() |
| NYDELIG |
![]() |
| Meg og Marte. |
![]() |
| Meg, Vegard og Sander. |
![]() |
| Middagen. |
![]() |
| Eg laga middag. |
![]() |
| Bålkos med klassen var supert. |
![]() |
| Teltet vårt, det gjekk fort opp og ned. |
![]() |
| Eggerøre "dagen derpå". |
![]() |
![]() |
| Selfie i telet, gruppe 1. |
![]() |
| Meg, Stine og Sanna. |
![]() |
| Bacon "dagen derpå". |













